Du kan bla til neste sideBla med piltastene
På tampen

Skolefjernsyn vs. «Norske beefer»

Ser ikkje NRK noko handlingsrom mellom undervisingsfjernsyn og Tiktok?

Tiktok på NRK: «Annika Momrak ser på legendariske, norske krangler. Det blir stygt. Og gøy», skriver NRK om nettsatsinga «Norske beefer». Fotomontasje: NRK

Onsdag fekk NRK fortent refs i Kringkastingsrådet for nettserien «Norske beefer», som hentar fram og presenterer kranglar mellom unge, norske påverkarar på Tiktok. NRKs eigen etikkredaktør må ha sove på jobb den dagen det aktuelle avsnittet, «Cum i fjeset», vart lagt ut. Kringkastingsrådet var innom dei fleste, viktige innvendingane mot episoden, inkludert svært kritikkverdig eksponering av ein mindreårig. For vaksne som har sett litt på «Norske beefer», er det oppsiktsvekkjande at eit organ som Kringkastingsrådet ikkje har drøfta denne ungdomssatsinga før. I nettspelaren til NRK blir det nemleg reklamert for kranglane med orda «Det blir stygt. Og gøy». Det er nærast ein lovnad om å oppsøka det etisk problematiske der «gøy» ser ut til å skulle legitimera «stygt».

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?