Ein pappa er på veg inn med 1-2-åring på armen. Ein annan forelder er på veg ut. Himmelen er blå over Kronstad oppveksttun barnehage i Bergen.
Og i det foreldre iler vidare, er det pedagogisk leiar Tonje Akselberg og kollegaene hennar som har ansvaret for dei små menneska. Snart skal dei ut på tur i sola.
Høge emosjonelle krav ser ut til å påverka risikoen for langtidssykefråvær og psykiske plager, viser ein gjennomgang av nordisk forsking. Barnehagepedagog Tonje Akselberg er glad tematikken får meir merksemd.