På bordet: Regjeringspartia og SV la i går fram revidert nasjonalbudsjett. Kari Elisabeth Kaski (SV), Eigil Knutsen (Ap) og Geir Pollestad (Sp) seier dei held fram med havvindplanane.
Det har vorte varsla at satsinga på havvind vert stadig dyrare. Dermed er det usikkerheit knytt til om den planlagde elektrifiseringa av norsk sokkel må skje ved å kople oljeplattformane på straumnettet på land i staden.
Då regjeringspartia og SV presenterte revidert nasjonalbudsjett i Stortinget i går, kunne dei varsle at dei held fram med havvindplanane, trass dei sterkt veksande prisane.
– Vi har ein felles ambisjon og mål om at elektrifiseringa skal gjennomførast med havvind, seier finanspolitisk talsperson i SV Kari Elisabeth Kaski til Klassekampen.
Mange vart skuffa då Equinor skrota planene om å elektrifisere oljefelta Oseberg og Troll ved hjelp av eit stort havvindanlegg som skulle stå klart i 2027. Dei skulda på at prisane har auka for mykje.
SV likte dårleg avgjerda til Equinor, og meiner at energiselskapet sjølve må bidra meir med pengar for å sikre utbygging av havvindprosjekta som skal elektrifisere sokkelen.
SV ønska avgifter
I forhandlingane med Arbeidarpartiet og Senterpartiet har SV prøvd å få gjennomslag for at oljeselskapa skal påleggjast ulike avgifter for å få fortgang i havvindutbygginga og elektrifisere meir av sokkelen med havvind enn kraft frå land.
– Det var ikkje mogleg å få med Ap og Sp på det no, men eg opplever ikkje at dei har avvist det endeleg. Så er det klart at vi også har vore opne for andre verkemiddel, som å stille krav til oljeselskapa. Det konkrete må vi kome tilbake til om eit år, seier Kaski.
– Men tyder dette punktet at færre oljeplattformer vil bli elektrifisert med kraft frå land enn det regjeringa har lagt opp til?
– Det er SV sitt utgangspunkt, og det er den einigheita me i praksis har med Ap og Sp. Elektrifiseringa skal i størst mogleg grad skje med havvind. Det vil også vere ei raskspor for å bygge ut meir havvind på sokkelen. Me veit at det går for seint i dag.
– Er det ein føresetnad at oljeselskapa betalar for det?
– Oljeselskapa må stille opp og betale ein del av rekninga, seier Kaski, som legger til at staten kan bidra med nokre deler av investeringane.
Ho seier grunnen til at dette kjem i revidert budsjett, er at det var viktig for dei å finne grep no som kunne få fortgang i havvindutbygginga.
– Vi var i ein situasjon no der Trollvind vart sett på pause av Equinor, og vi behandla havvindutbygging i Stortinget. Vi ser at mykje av verkemidla der kjem til å ta lang tid. Derfor var det viktig for oss å finne spor no som gjer at vi kan få forsert havvindutbygginga, seier Kaski.
Finanspolitisk talsperson i Senterpartiet Geir Pollestad er oppteken av at revidert nasjonalbudsjett ikkje er riktig tidspunkt å endre korkje skattepolitikken eller oljepolitikken, og at det difor uansett ikkje var snakk om å kome med nye krav til oljenæringa i Stortinget i går.
– No treng olje- og gassnæringa stabilitet, og det er difor vi har vorte samde om å ikkje kome med nokre nye skattejusteringar til næringslivet i dette reviderte budsjettet, seier Pollestad.
Ap trur på havvind
Finanspolitisk talsperson i Arbeidarpartiet Eigil Knutsen seier at dei tre partia er samde om at målet er at elektrifiseringa skal skje med straum frå havvind, sjølv om prisane er høge.
Han vil ikkje seie så mykje konkret om korleis dei skal få det til.
«Elektrifiseringa skal gjennomførast med havvind.»
— Kari Elisabeth Kaski (SV)
– No har vi gitt ei marsordre til regjeringa om at elektrifiseringa i størst mogleg grad skal skje med havvind, og så må dei kome attende med ei vurdering av kva tiltak som kan få det til å skje.
– Kan det vere aktuelt med eit tiltak som å la oljeselskapa betale meir av rekninga for havvindprosjekta?
– No har vi sendt ei bestilling om at regjeringa må greie ut tiltaka, så må vi kome attende til det, seier Knutsen.
Miljøpartiet dei grøne har på si side allereie konkludert med at dei er skeptiske
– Spørsmålet er om oljeselskapa skal betale for det sjølv, eller om dette er enda ein måte å subsidiere olja på, seier MDGs Lan Marie Berg.
MDG meiner oljeselskapa må påleggjast å betale hele rekninga for elektrifisering av oljeplattforma med havvind.
– Eg forventar at staten ikkje skal betale for det. Dette er oljeselskapa sitt ansvar. Dersom de skal fortsette å drifte, må de kunne gjere det utan utslepp og betale for sine egne utsleppskutt sjølv, seier Berg.
Framstegspartiet er uroa over signala frå SV og regjeringspartia. Finanspolitisk talsperson i Frp Hans Andreas Limi seier at å elektrifisere sokkelen med straum frå havvind vil koste mykje pengar.
– Dette vil jo bli eit subsidiesluk, og ei elektrifisering ved hjelp av havvind vil kunne koste i alle fall hundre milliardar kroner i subsidiar, seier han.
Dersom oljeselskapa skal byggje havvind, må det vere fordi dei sjølv ser at det løner seg, meiner han.
IntervjuVal 2023
Frå Russland til Folldal
Biblioteksjef og Raudt-politikar i Folldal Marina Pettersen ville sleppa nye krefter fram på lista, men har likt seg godt i politikken.
Byta beite: Marina Pettersen gjekk frå Ap til Raudt då ho meinte Ap blei for likt Høgre. Foto: Privat
Fire parti stiller til val i Folldal kommune i Innlandet. For fire år sidan fekk Marina Pettersen ein av kommunestyrereplassane, som representant for Raudt.
Pettersen kjem opphavleg frå den russiske byen Poljarnyj, ikkje langt frå Murmansk, men har budd og jobba fleire stadar i Noreg.
– Korleis hamna du her?
– Eg fekk jobb her. Mannen min er sjømann, og han kan bu kvar som helst. Eg liker meg her. No er det snart slik at eg har budd lengre i Folldal enn i Russland.
– Kva liker du med Folldal?
– Eg liker menneska, og at det er kort tilgang til naturen og fjella. Det er roleg og fredeleg. Ein fin plass å ha barn. Eg liker alt saman. Eg kan ta ein prat på gata med kven som helst. Eg liker å helsa og bli helst tilbake til. Eg har fått hjelp når eg trengde det, og håpar at eg har hjelpt folk når dei trengde det.
– Korleis er det å vera russisk i Noreg no?
– Eg har ikkje opplevd noko personleg. Det set eg pris på. Eg har god kontakt med ukrainarane som kjem på biblioteket. Eg har har også venner frå Ukraina. Me håpar at krigen tar slutt.
Gamleheim og basseng
To viktige saker som kommunestyret har jobba med i perioden som snart er slutt, er rehabilitering av eit badebasseng og ei stor utbygging av Folldal bo- og servicesenter.
Pettersen opplever partia Ap, Sp, Raudt og Folldalslista som ganske samkøyrde.
– Me ønsker at kommunen skal vera bra og inkluderande for alle. I dei fleste tilfelle prøver me å finna semje. Eg synest me har gjort ein god jobb.
I år stiller Pettersen på fjerdeplass på Raudt si liste, og det er ikkje sikkert at ho kjem inn i kommunestyret.
– Eg ville ikkje stå fremst, eg ville sleppa nye krefter til.
– Kva er det beste minne frå kommunepolitikken så langt?
– Kommunestyremøta, rett og slett.
For likt Høgre
Vegen inn i Raudt gjekk via Ap.
– Dei likna for mykje på Høgre, så eg gjekk til Raudt.
– Kva saker i rikspolitikken er du mest opptatt av?
– Det meste som Moxnes seier, er eg einig i. Eg er opptatt av at kraftproduksjonen kjem tilbake til staten, at skilje mellom rike og vanlege menneske blir mindre, og at helse skal vera på statens rekning.