Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Endeleg eit endeleg vedtak om bybane til Åsane! Kan vi tru at det er sant?

Belite seg, beliter seg, belitet seg, har belotte seg

GODE GAMLE DAGAR: Frå 1960-tallet og fram til 2003 var Festplassen parkeringsplass i Bergen sentrum. Då Olaug Nilssen flytta til byen, fanst både parkeringsplassen og giftlok over sentrum. Foto: Birkhaug og Omdal (arkiv)

Sist veke skreiv bergensavisene at det no er fatta eit endeleg vedtak om bybane til Åsane! Endeleg vedtak! Partia har endeleg belotte seg, i alle fall nokre av dei, og no er det bestemt at banen skal gå over Bryggen for å kome seg til Åsane. Det er allereie signert kontrakt med utbyggar, og arbeidet skal ifølgje Bergensavisen starte umiddelbart.