I morgon endar Cannes-festivalen med utdelinga av Gullpalmen. Kunstnarisk er Cannes den viktigaste filmhendinga i verda.
Kinoen lever enno, men ikkje som eit kulturelt fellesrom.
«Justisministeren er tilbake på Tiktok», melder Dagens Næringsliv. Comebacket kjem etter to månadars pause, der Emilie Enger Mehl blant anna har hatt ansvar for ei gransking av «Noregs største datasenteranlegg», etablert for Tiktok. Granskinga kom etter at statsministeren sette ein stopp for Tiktok på tenestetelefonane til statsrådar, statssekretærar og politiske rådgjevarar, stortingspresidentens melding om at alle på Stortinget må sletta Tiktok «så raskt som mulig», og sentralbanksjefens oppfordring til alle i Noregs Bank om å droppa Tiktok. I mai vart abstinensen for stor. Statsråden har fått ein eigen betalmobil dedikert til sosiale media. Skal ein døma etter bilda der Mehl svingar seg i bunad på Oslos tak, tar på seg ryggsekken i norsk natur og er filma bakfrå maktkledd med dokumentmappe, så har ho også ein betal-kameraperson. The Justisfluencer is back! For tredje gong på Nidstonga. GK