
Ville detektivar
Mohamed Mbougar Sarr trekker trådane frå kolonihistoria gjennom sin litterære labyrint.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnentMohamed Mbougar Sarr lagar eit flettverk av mytar og minne, vandrehistorier og biografi.
Eg burde kanskje ha byrja med å presentere Diégane – ein ung, senegalesisk forfattar som har emigrert til Frankrike og universitetsutdanna seg i Paris. Han har skrive ei lita bok med ein parodisk pretensiøs tittel (vi kjem tilbake til det) som har selt i 79 eksemplar og for det meste blitt forbigått av kritikarane. Diégane er forteljaren i Mohamed Mbougar Sarrs «Menneskenes mest fordekte minne» (2021), som fekk den prestisjetunge Goncourtprisen i Frankrike og no er prisverdig omsett av Thomas Lundbo – skjønt, det kjennest nesten feil å snakke om forteljaren i bestemt form her. Sarrs roman har fleire sterke forteljarar, og Diégane er like ofte ein som lyttar til andre fortelje. Dei andre forteljarane deler i sin tur atter andre sine forteljingar, og romanen kan kort sagt lesast som ei russisk matrjosjkadokke: Den er full av historier, og nettopp difor kjennest det naturleg å la Diégane vente og heller byrje med ei forhistorie.
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent