Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Motmakt

På seinsommaren i fjor gjorde kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) eit grep ingen la merke til. Han endra retningslinene for statlege arbeidsplassar frå å vurdere utflytting frå Oslo og det sentrale Osloområdet i lokaliseringsdebattar og la til «og andre av de største byene». Like etter byrja Fiskeridirektoratet som har sete i Bergen å flytte leiarstillingar til kontora i Bodø og Tromsø som ein del av omstillinga i etaten.