![](https://cdn.sanity.io/images/u4eaiudq/production/ee845afc480e22aa1c9ecbf82d60023f1c998044-2136x2600.jpg)
Kalender
![](https://cdn.sanity.io/images/u4eaiudq/production/ee845afc480e22aa1c9ecbf82d60023f1c998044-2136x2600.jpg)
Utviklingsministeren seier ho burde fått beskjed før Norfund gjekk til det kontroversielle søksmålet mot regjeringa i Honduras.
Det statlege investeringsfondet Norfund er heileigd av det norske utanriksdepartementet. Likevel visste ikkje den ansvarlege statsråden Anne Beathe Tvinnereim (Sp) at dei låg i ei djup konflikt med den sosialdemokratiske regjeringa i Honduras før etter at fondet gjekk til sak mot landet.