Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Caravaggio, ein råtass?

INGEN GLEDE Å SPORE: «Judith og Holofernes» (c. 1598–1599 eller 1602). FOTO: NTB

Eg har ein kommentar til biletbruken i «Feminist, ja visst»-spalta av Wencke Mühleisen i Klassekampen 5. mai. Sjølve innlegget fortel om romanen «11%», som har som bakgrunn at kvinnene om nokre hundre år har tatt makta frå mennene. Artikkelen blir servert med overskrifta «Skrekkvisjonen», hjelpt av ingressen «Fantasier om et matriarkat har lenge versert – enten som et mareritt eller som en paradisisk visjon» – og illustrert med måleriet «Judit og Holofernes» av Michelangelo Merisi da Caravaggio (1571–1610).