For smått, for seint?
EU har laga eit kart for digitalregulering, akkurat i det landskapet er råka av eit tektonisk skifte.

Norske musikarar er engstelege for kva kunstig intelligens (KI) vil bety for deira kunstnariske virke og levebrød. Det er ikkje rart. Dei siste vekene har fenomenet «Deepfake Drake» skapt internasjonal debatt. Det vi må tru er Drake-fans har – utan å gje seg til kjenne eller be om lov – brukt opptak av den kanadiske rapparen for å laga ein ny «Drake-låt», som så vart lagt ut på nettet. Det er altså ikkje snakk om sampling av Drake, men at røysta hans er brukt til å «modellera» rappinga til ein annan musikar, slik at denne NN høyrest ut som Drake. Det var likt nok til å skjerpa debatten om KI som trugsmål mot autentisitet og opphavsrett.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent