Du kan bla til neste sideBla med piltastene

For staten blir klimatiltak viktig i årets jordbruksforhandlingar. Bønder har ikkje råd til å ta klimainvesteringar, åtvarar mjølkebonde Arne Manger.

Klimaomstilling på låggir

På felgen: Mjølkebonde Arne Manger på Lesja trur økonomien for mange bønder er så pressa at det er vanskeleg å ta gode klimaval. FOTO: Anniken C. Mohr

Arne Manger, som var ein av bøndene bak bondeopprøret og no er nestleiar i Innlandet Bondelag, kallar seg klimaflyktning. Eit våtare klima gjorde at han flytta frå Radøy på Vestlandet til Lesja i Innlandet, der han investerte i ein stor gard. I dag har han ein mjølkekvote på 350.000 liter i mjølk, 60 mjølkekyr og opp mot 130 storfe.