![](https://cdn.sanity.io/images/u4eaiudq/production/abc34ab1e7983a52fade3bd4739fa90d43405349-2600x1968.jpg?w=1000&q=75&auto=format)
Verdt å vite
![](https://cdn.sanity.io/images/u4eaiudq/production/abc34ab1e7983a52fade3bd4739fa90d43405349-2600x1968.jpg?w=1000&q=75&auto=format)
No kranglar ytterpunkta.
Eg ville aldri ha trudd det. At eg skulle seia meg samd med Trump. Men dét gjer eg, når han går til åtak på den ‘elitistisk-tullete’ bruken av woke og rakkar ned på Washington og New York som slengjer ordet rundt. Sjølv himlar eg med auga kvar gong eg ser norske skrivarar serverer ordet i aviskommentarar og innlegg – som regel utan forklaring. Ordet går ‘viralt’ i USA, men må det av den grunn òg brukast hos oss? Dei som kjenner på woke-behovet hos oss, kunne i det minste kosta på seg forklarande ord som ‘vaken’ eller ‘oppvakt’. Til og med ‘vekkelse’ ligg nær …