Kirsti Blom
Noe foregår i sjelen for tiden
Dikt
Forlaget Oktober 2023, 80 sider
Kirsti Bloms nye diktsamling skildrar eit heilt liv, frå barndom til alders støv. Allereie ved første gjennomlesing er det den første delen, om barndommen, som står fram som sterkast. Utan at det blir sagt rett ut, er det tydeleg at det er noko … ja, urovekkande? med foreldra. Om faren heiter det at han er «kjærlig og samtidig unnvikende». Medan mora er «foreldreløs, barnlig. Voldelig, øm, vakker,/ vittig. Alltid sulten på svir og raseri.» Men i staden for å handla om vanskjøtsel – som altså blir antyda – kjem dikta ganske fort til å hinta om foreldra sin nær føreståande død. Til dømes blir faren tillagt ord om «det beskjedne/ som utgjør resten av livet mitt». Så døyr mora – av hjarteinfarkt etter kva eg kan forstå – midt under middagen. Og om den stillfarande faren heiter det ganske enkelt at han er gravlagd saman med henne.