Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Jåleri

Det hender at folk argumenterer for synspunktet sitt utan å bruke dei argumenta dei eigentleg har, og heller brukar argument som får dei til å stå fram som meir sympatiske. «Eg tykkjer Toten-dialekta ikkje er så fin», er til dømes for dei fleste ei mindre sympatisk ytring enn «Toten-dialekta kan vere krevjande å forstå». NRK-veteran Christian Borch tykkjer heilt openbert at dialekta til USA-korrespondent Lars Os ikkje er så fin, men ser ut til å kvi seg for å seie det.