Farao, den fredløse og prinsessen
(Le Pharaon, le Sauvage et la princesse, Frankrike, 2022) Regi: Michel Ocelot Manus: Michel Ocelot, Henri Pourrat Animasjon/ 6 år/ 1t.23min./ Kino
Den animerte eventyrsamlinga «Farao, den fredløse og prinsessen» presenterer kunsten og ideane til Michel Ozelot for ein ny generasjon norske barn. Franske Ozelot er ein av dei mest særmerkte og feira animasjonsfilmskaparane i Europa, men lite vist i Noreg.