Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Våpen

Stortinget skil seg no ut i Europa ved at det ikkje finst nokon som motset seg å sende våpen til Ukraina. For nokre veker sidan marsjerte titusenvis i Berlin for å demonstrere mot tysk våpenstøtte, og i den tyske forbundsdagen er 15 prosent av representantane mot å sende våpen. I Italia har fagforeiningane til flyplassarbeidarane sabotert våpenleveransar og fått støtte frå sosialistar. I Austerrike er det berre det vesle liberale partiet Neos som går inn for våpen, og det store fleirtalet er mot. Tidlegare Labour-leiar Jeremy Corbyn argumentert mot å sende våpen fordi han meiner det vil forlenge konflikten.