Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Imponerande debutregi tar oss inn i pubertetssinnet med eit velutvikla filmspråk.

Ny vår for norsk kunstfilm

Kan du bera meg heim?: Keira LaHart og Ruby Dagnall som søstrene Eira og Vera. Foto: Franciska Eliassen/ Filmbyrået Jack

Den siste våren

(Noreg, 2022) Regi og manus: Franciska Eliassen Drama/ 1t.20min./ Kino

Norske langfilmdebutar er alltid spanande. Ekstra gledeleg er det når debuten er eit stykke gjennomtenkt, eigenarta og relevant kunst, drive fram av ei skaparkraft som ikkje har late seg hefta av filmbransjens mange portvaktarar.