Sporvar spår arabisk vår
Det manglar ikkje historie i den nye filmen om Richard Storken, men både manus og animasjon saknar finesse.

Richard Storken og den mystiske juvelen
(«Richard the Stork and the Mystery of the Great Jewel», Norge/Tyskland/Belgia, 2023) Regi: Mette Tange, Benjamin Quabeck Manus: Reza Memari, Philip LaZebnik, Mette Tange Animasjon, 6år, 1t.25min., Kino
I 2017 såg «Richard Storken» dagens lys. Ein liten, europeisk sporv mista foreldra alt før han vart klekt, og egget enda opp i eit omsorgsfullt storkereir der vesle, kjappe Richard (Oskar Fjeldstad-Bergheim) fekk veksa opp som adoptivbror til langbeinte og seige Max (Jonas Hoff Oftebro). Det store dramaet i filmen oppstod då storkane skulle migrera til Nord-Afrika på hausten, og Richard stod i fare for å mista endå ein familie. Småsporven flaug etter storketrekket og mange krumspring seinare, som blant anna lét Richard møta den diskogalne parakitten Kiki (Bjarte Hjelmeland) og emo-ugla Olga med liksomvenen Oleg (Haddy N’jie), kom heile hurven fram til overvintringsoasen.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent