Du kan bla til neste sideBla med piltastene

NHO vil ha meir skatt på bustad for å kutte i andre skattar. Dei får støtte frå mellom andre Civita.

Open for bustadskatt

Arv eller formue?: Kva for skattar kan ein auke for å kutte i andre skattar? Sjeføkonom i NHO Øystein Dørum meiner skattar på bustad og arv kan kutte i skattar på inntekt og formue. Her frå då han var nytilsett og kom frå DNB i 2017. Foto: Christopher Olssøn

Under føresetnad at det totale skattetrykket ikkje går opp, ser NHO og Civita til bustad som ein måte å kutte skattar i inntekt og formue. Sjølv å innføre arveskatt att, er på bordet for å fjerne formuesskatten.