Du kan bla til neste sideBla med piltastene

I Sunnfjord, der eg kjem frå, finst det mange dalar som har namn som erdalsdalen, sanddalsdalen, dvergsdalsdalen og årdalsdalen. Dette er den mest vanlege måten å gje namn til ein dal på. Og slik er det over heile Noreg. Kvifor er det slik? Er det ikkje rart å seie dal to gonger?

Forklaringa er om lag slik: det er dalformasjonen som har gjeve namn til området. Etter kvart har gardsbruket vorte etablert nede ved fjorden eller vatnet, fordi det er mange fordelar ved å leggje garden der. Då oppstår det ganske raskt eit behov for å ha eit namn som skil garden frå dalen, sidan begge delar er viktige i kvardagslivet til dei som lever der. Garden heiter no «Erdal» eller «Årdal», fordi dalen i si tid var utgangspunktet for etableringa av menneskeleg aktivitet i området. Det naturlege når ein skal skilje dalen frå garden, er då å kalle dalen opp etter garden som ligg i botn, og slik får du «Erdalsdalen» og «Årdalsdalen».

Same forklaringa ligg til grunn for at vi i Noreg har stadnamn som «Vågsvåg», «Dalsdal» og «Sætersæter». Dette er det vi kallar tautologiske stadnamn. Slike stadnamn er veldig vanlege, men eg har berre funne eitt einaste tilfelle av stadnamn som er trippelt tautologisk: Nesoddtangen. Eg har no undersøkt dette ganske grundig, og så vidt eg klarer å finne ut av, så betyr «nes», «odde» og «tange» akkurat det same.