Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Lett dramatisert og idyllisert om uforstyrra dyreliv rundt skogens «gamle mester».

Tenk å bu i ei eik!

Heilt nødt: Eikenøttene er ei av årsakene til at dyra samlar seg rundt det gavmilde treet. Foto: Storytelling Media

Eiketreet og dyrene som bor der

(Le chene et ses habitants, Frankrike, 2022) Regi: Laurent Charbonnier, Michel Seydoux Naturfilm, for alle, 1 t. 20 min., Kino fra 7. april

Det manglar ikkje dyr i barnefilm, men til liks med store delar av publikum er dei fleste filmdyra framande for livet i naturen! Det gjeld for drama om levande kjeledyr som rotar seg bort i villmarka eller storbyjungelen, like mykje som det gjeld for animasjonar om antropomorfe villdyr, som sjeldan er så nær habitata til sine levande modellar som dyra i Kenneth Grahames «Det suser i sivet».