
RETTELSE
Bjørn Wirkola hoppet med beina samlet

Kan Henrik Ibsens og Jon Fosses heimland kvitta seg med teatervitskap?
Protestane frå fagfeltet har vore unisone etter at Universitetet i Bergen for ei veke sidan la fram planar om å kutta to av tre vitskaplege stillingar ved institutt for teatervitskap – i praksis ei nedlegging av faget. Bergen er i dag det einaste norske universitetet som tilbyr eit fulltids bachelorprogram og masterstudium i klassisk teatervitskap, og det er ikkje mogleg å driva eit slikt studietilbod med éi stilling.