Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Verkelege overgrep i ein ekstrem religiøs minoritet får allmenn relevans i «Women Talking».

Fars heimsøkte hus

Ikkje trygg i fare: Den milde Agata (Judith Ivey) og den rasande dottera Salome (Claire Foy) er blant overgreps­offera, som må drøfta om dei skal tilgje sine mannlege overgriparar og religiøse leiarar. Foto: SF Norge

Women Talking

(USA, 2022) Regi og manus: Sarah Polley Drama, 1t.44min., Kino

Kvinnfolksnakk er eit skjellsord brukt til å avfeia utsegner som upåliteleg slarv. Liknande kjønna omgrep finst på dei fleste språk, og har blant mykje meir gjort det lettare å avvisa overgrepsvitnemål som kvinneleg intrigemakeri – sjalusi, utpressing – eller irrasjonalitet, sjukelege fantasiar, syndig trolldom.