Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ny stjerne får skina i kjærleiksdrama frå moderne, norsk arbeidsliv.

Gutane på fileten

Magnetisk: Hubert Milkowski viser stort talent i hovudrolla som Robert. Foto: Spætt Film

Norwegian Dream

(Noreg, 2023) Regi: Leiv Igor Devold Manus: Justyna Bilik m.fl. Drama, 1 t. 38. min., Kino

Norsk film fløymer ikkje over av arbeidarklasseskildringar og arbeidslivshistorier, så når norsk-polske Leiv Igor Devold debuterer med eit skeivt kjærleiksdrama frå ei norsk laksebedrift, er det lett å få høge forventningane. «Norwegian Dream» legg også lista høgt for seg sjølv, når han prøver å fylla fleire hol i norsk filmdramatikk samtidig. Filmen er også motivert av to viktige prinsippkonfliktar: tariffstreiken ved fiskeforedlingsbedrifta Sekkingstad på Sotra og kampen for LHBT-rettar i Polen.