Du kan bla til neste sideBla med piltastene

I eit venterom på eit ferjeleie møter vi tre gåtefulle menneske i lengt og på vent, men etter kva?

Lagnadens ferjeleie

GÅTEFULLT: I eit sjellaust venterom på eit ferjeleie er det etter kvart ikkje så godt å seie kva det er menneska ventar på. FOTO: ERIK BIRKELAND, TINGH

For to år sia sette Teatret Vårt opp «Virvelvind», basert på musikken til Ane Brun. Det blei både ei hyllest til Moldes bysbarn og ei framsyning som stod fjellstøtt som teater på eigne bein. Nå har dei tatt fatt i det musikalske universet til nordmørsgruppa Dance with a stranger, og nok ein gong er det blitt solid dramatikk, og ikkje noko publikumsfrieri med populærmusikk. Vidar Kvalshaug har skrive ein gåtefull og fengslande tekst med uendeleg mange lag, Eli Stålhand har omsett og gjendikta songtekstane til nordmørsk, og i Hanne Tømtas stramme regi er det blitt ei humoristisk, litt surrealistisk og ganske mollstemd framsyning om ulike utgåver av mellom anna lagnad, lengt og overfart.