Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Av og til må ein berre våga å dumma seg ut for å oppdaga kven ein er og kva ein er laga av.

Dans oppå bordet

Forelska i han nye: Liv Elvira Kippersund Larsson som Mina, med dei «kule» jentene i klassen bak. Foto: Ymer Media

Dancing Queen

(Noreg, 2023) Regi: Aurora Gossé Manus: Silje Holtet Familiefilm, 6 år, 1 t. 30 min., Kino

Første skoledag i sjuande blir verda snudd opp ned for bestevenene Mina (Liv Elvira Kippersund Larsson) og Markus (Sturla Harbitz). Dei samansveisa nerdane skal surfa saman gjennom siste år på barneskolen, men inn i skolegarden dundrar ein ny gut med lyden frå ein gigantisk høgtalar og ein enda større attitude . Edvin alias ED Win (Viljar Knutsen Bjaadal), hip-hop-dansar frå Oslo og viralfenomen med «198K følgere», har flytta til Hamar. Han vil straks samla eit crew for å vinna dansekonkurransen The Mjøsa Challenge (?!).