Det er bedre å undre seg over noen enn å ha andre under seg
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
8. mars
Dagboka
Eg kan knapt hugsa at det har vore så langt 8. mars-tog i Bergen som i år. Men det kan det sjølvsagt henda at det har vore. Minnet er ikkje til å stola på. Heilt sikkert var det lengre i 2014 då «Forsvar abortloven – nei til reservasjonsrett!» var ein sentral parole. Også i 2019 var det eit rekordlangt 8. mars-tog mange stadar. Men inntrykket mitt er at det dei siste åra har vore stort oppmøte og langt tog i Bergen. Eg minnast 8. mars-toga i Bergen tidleg på 2000-talet, som om det var nokre hundre.