Dragen
Turnéteatret i Trøndelag, Verdal Av: Gro Dahle
Dramatisering og regi: Hilde Brinchmann Komponist: Eirik Myhr Scenografi: Signe Gerda Landfald
Kostyme og masker: Helena Andersson
Lysdesign: Simen Høy Aasheim
Med: Nora Andvig, Janne Starup Bønes og Martin Karelius Østensen
Mange barn veks diverre opp i ein heim der frykta for kva foreldra kan finne på rår. Om dette har Gro Dahle skrive fleire gode barnebøker. For nærare tjue år sia kom boka «Sinna mann», og i 2018 kom oppfølgjaren, «Dragen». Lilli er ei lita jente som bur saman med mor si. Men mora er sjølvopptatt og har eit særs skiftande temperament. For Lilli står ho fram som ein heilt uføreseieleg eldsprutande drake.