Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Samisk

For ti tusen år sidan kom det menneske til alle delar av det som i dag heiter Noreg, frå Finnmark i nord til Agder i sør. Dei følgde etter reinsdyrflokkane som vandra nordover då det tusen meter tjukke islaget som dekka Nord-Europa, byrja å smelte. Tusenvis av år seinare utvikla det seg store og distinkte kulturar knytt saman av språk og religion, og etter kvart kunne ein sjå konturane av det som til slutt vart heitande nordmenn og samar. Nokre stader, som i Finnmark, var samane lenge dominerande. Andre stader, som på Fosen, har nordmenn og samar levd saman så lenge at det ikkje er lett å vite kven som kom først.