Statkrafts resultat for 2022 viser med all kraft kor godt det suste i kraftbransjen i året som gjekk. Det statlege selskapet fekk eit årsresultat på heile 54,4 milliardar kroner i fjor, ei dobling frå 2021, etter at driftsinntektene steig frå 41,1 milliardar i 2021 til 73,9 milliardar i 2022. Dette skjer på same tid som staten pøsar ut milliardar i straumstøtte, fordi folk og bedrifter slit med å betala for den dyre krafta. Krafta er rett nok ikkje blitt dyrare å produsera, men energiprisane har gått opp.
Rekordår
Dagboka