Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Fleire fagforeiningar blir ikkje med på den politiske streiken mot dei høge straumprisane. – Vil heller ha dialog enn å krige, seier klubbleiar.

Vil ikkje streike

Vil ikkje krige: Ingen andre kunne gjort noko anna, meiner klubbleiar for Fellesforbundet på Aker Solutions i Egersund Oddvar Hølland. Verkstadklubben hans vert ikkje med på den politiske streiken mot regjeringa på grunn av dei høge straumprisane. Her inne i ein koronatom industrihall på verftet i 2020. Foto: Hallgeir Vågenes, VG

Den største avdelinga i Fellesforbundet var tidleg ute med støtte til den politiske streiken i industrien, men har no gjort vedtak om å ikkje bli med. «Slik stemninga er her, så trur eg ikkje det er så mange andre alternativ enn å ta dei ut i ein politisk streik», sa leiar Richard Storevik til Klassekampen tidlegare i månaden.