Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Poetisk praksisMånedens dikt

Morgen ved sykehusvinduet

Mamma fester seg

til lyset

Ole André Lie

­

Ole André Lie har også tidligere blitt kåret til Månedens poet og er derfor ikke intervjuet i dagens avis. Her kan du lese intervjuet vi gjorde med ham 10. august 2019.

Juryens kommentar

Kunsten med kortdikt er mellom anna å fortetta eit innhald nett så mykje at det ikkje lukkar seg om seg sjølv og vert hermetisk. Det siste kan skje når lesaren får litt for lite informasjon. Når kortdiktet lykkast, derimot, fungerer det motsett. Då vil det vesle som står der, opna diktet for veldige perspektiv av underforståtte tydingar slik at det som er usagt byrjar å leve i lesaren. Diktet sin plass i lesaren vert mykje større enn den plassen det tek på arket eller skjermen. Dette skjer ikkje minst ved at teksten er mangetydig, underleggjerande og open, slik månadens dikt er. Den som skriv, skriv om si mor, og tittelen festar diktet til eit bestemt miljø: eit sjukehusrom. Sjølve diktet består minimalistisk av fem gåtefulle ord. Det er ingen triviell og lett gjenkjenneleg sjukehussituasjon, der sonen gir mora eit glas vatn eller ein pose medbrakte druer. Nei, her står det at «Mamma fester seg». Kva i all verda kan det liggja i det? Sidan det diktet ikkje er trivielt, er det lett å tenkja i retning av ein meir dramatisk og avgjerande augeblink. Festar ho seg til det lyset som dei som har hatt nær-døden-opplevingar har rapportert at dei ser? Er dette ei nær og avskrelt skildring av stunda då mora går frå eit lys og inn i eit anna? Ut av tida og inn i æva.

Eller festar ho seg nok ein gong ved dagen, held ho fast ved livslyset?

Det står det ingenting om, men om ein vil kan ein tenkja at «morgon» jo ikkje er «kveld», og at dette kanskje seier oss at mora vaknar til, opnar augo mot lyset, ser på den besøkande og festar blikket på vedkomande, og vender attende frå ein alvorleg og umedviten sjukdomsperiode. Diktet nyttar sine få utvalde ord til å opna eit stort og spørjande rom.