Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Nye reglar for nullutslepp i verdsarvfjordane skal likevel sikre cruisetrafikken. Sjøfartsdirektoratet føreslår biogass i ein overgangsperiode.

Opnar for biogass

NULLUTSLEPP: Innan 2026 må alle skip i verdsarvfjordane vere nullutsleppsskip. For dei minste fartøya er teknologien klar. Her ligg delelektriske MS «Vision of the Fjords» saman med det heilelektriske søsterskipet MS «Legacy of the Fjords» til kai i Flåm i Aurlandsfjorden. Foto: Martin Årseth

Dilemmaet regjeringa står i no, er korleis dei skal løyse nullutsleppskravet i verdsarvfjordane Stortinget har bede om. Stortinget har bede om at det skal vere nullutslepp i dei fem verdsarvfjordane frå cruiseskip, ferjer, snøggbåtar og andre turistbåtar. Men samstundes har dei bede om at regelverket syt for at det er cruisetrafikk i dei populære hamnene som Flåm og Geiranger.