Du kan bla til neste sideBla med piltastene
KronikkDikt

Til Tyrkia

Då eg såg den vesle jenta bli boren ut av ruinane, boren ut av redningsarbeidaren, gjekk det eit skred gjennom meg. Den vesle hjelpelause kroppen levde, ho var i live, den vesle jenta med dei svarte krøllene som dansa rundt hovudet idet dei sprang av garde med ho, leverte ho vidare som ein stafettpinne inn i sjukebilen, brannmannen klappa på ho for å sikre seg om at alt var bra. Ho lea på seg, levde.

Ho var blodig på kleda, men ho levde.

Kva vil ho hugse av dette, kva vil kroppen hugse av skredet, huset som rasa over ho.

Og kor er foreldra, kor er dei, eit nytt skred går gjennom meg for eg har hatt slike små kroppar tett inntil meg, eg veit kor avhengige dei er, kor hjelpelaust nær dei er eit nytt skred om ingen løftar og trøystar stikk hol på skredet som eit troll som har forete seg på raste bygg, på krig og svolt.