Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Vekas bok

Kvilelaus kjærleik

I Marilynne Robinsons «Lila» vandrar ein omstreifar frå verdsens villmarker og inn i Guds hage.

Roman

Marilynne Robinson

Lila

Roman

Omsett av Ingrid Haug

Cappelen Damm 2023, 266 sider

Det er kanskje ikkje det beste innsalet å byrje ei bokmelding med, men Marilynne Robinsons «Lila» har sant å seie slått meg som den minst interessante av dei fem romanane ho har skrive. Eg får skunde meg å leggje til at eg held Robinsons romanar for å vere blant dei aller beste som er skrivne i vår samtid, frå den lysande debutromanen «Housekeeping» (1980) til det siste innskotet i Gilead-serien med «Jack» (2020). Denne serien er namngitt etter den fiktive staden Gilead, plassert i den faktiske staten Iowa, der handlinga stort sett går føre seg. I fjor kom dei to første bøkene ut på norsk, «Gilead» (2004) og «Hjem» (2008) – den første ei nyutgiving av Kjell Olaf Jensens omsetjing frå 2007, den andre nyomsett av Ingrid Haug, og no nominert til kritikarprisen for beste omsetjing. «Lila» (2014) er tredje bok i rekka – like vart og lydhøyrt omsett av Haug. I løpet av året kjem også «Jack» ut på norsk.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?