Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Nidstonga

  • «Sexy Baby Look» er tre ord du ikkje vil sjå etter kvarandre med mindre dei heng på ei nidstong. Likevel er det namnet på ein etterspurt utsjånad hos amerikanske plastikk-kirurgar dei siste fem–seks åra. Det er lang tid for ein trend ført til torgs av Instagram- og Tiktok-kjendisar, og no er han over. Så kvifor snakka om han då? Jo, fordi denne «looken» er namnet på det sterkt kritiserte fjeset Madonna dukka opp med på Grammy-utdelinga sist søndag. «Fansen vart forvirra», ifølgje forståingsfulle tabloidar, og dei tok sjølvsagt til sosiale medier for å uttrykka sjokk. Ein kan mistenkja at artisten sjølv har rett i at ho har vorte utsett for ein type aldershets som ingen kjente kvinner slepp unna, men for ein provokativ hamskiftar som Madonna svir det truleg meir at det glinsande, hjarteforma putefjeset med runde kinn og trutmunn, kombinert med kringlefletter og ridepisk, er ein utdatert stil!