Decision to Leave
(Sør-Korea, 2022) Regi og manus: Park Chan-wook Romantisk thriller, 2 t. 18 min., Kino
Med «Decision to Leave» har Park Chan-wook perfeksjonert eit formalistisk filmspråk, der vi må søka motiv og meining i stilisert dialog og symbolsk design vel så mykje som i ei intrikat handling. Få sjangrar kunne passa betre til oppgåva enn film noir , Hollywoods stilmedvitne tolking av hardkokt krim.