The Fabelmans
(USA, 2022) Regi: Steven Spielberg Manus: Tony Kuchner, Steven Spielberg Drama, 2t.30min., Kino
Alle som har sett Steven Spielbergs filmar, veit kor viktig barndomen er for regissørens kunstnariske førestillingsunivers. Det gjeld både i barndomsromantiserande eventyr som «E.T.» (1982) og i vaksne drama om tapt uskuld som «A.I.» (2001). Jamført med andre eldre filmskaparar som blir råka av nostalgi, er Spielberg (76) godt førebudd når han no ser tilbake på si eiga barndomstid, eller gutetid, som det gjerne er snakk om i denne sjangeren. «The Fabelmans» er eit gjennomtenkt og fokusert kunstnarisk sjølvportrett, der Spielberg kjem «krafsande» biografar i forkjøpet med ei gammaldags publikumsvenleg forteljing der han definerer og analyserer seg sjølv i sitt eige filmspråk.