Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Energikommisjonen til regjeringa ser ikkje ut til å stoppa fortvilinga og raseriet i industrien. No blir det streik fleire stader.

Streikar mot dyr straum

FORTVILA: Leiar for Fellesforbundet si avdeling på Raufoss Bjørn Sigurd Svingen førebur politisk streik, etter månadsvis med høge straumprisar. Han synest det er tragisk å gå til politisk streik mot ei regjering han sjølv har jobba for å få på plass. Hanne Marie Lenth Solbø

Stemninga blant dei industritillitsvalde er på kokepunktet når Energikommisjonen i dag legg fram sin rapport. Kravet om å gå ut i politisk straumstreik mot regjeringa spreier seg raskt blant industriklubbane i Fellesforbundet.

Og initiativtakar i Fellesforbundet på Raufoss, Bjørn Sigurd Svingen, trur ikkje misnøyet vil minke med rapporten som vert lagt fram i dag.

– Den store utfordringa er at dei ikkje har mandat til å sjå på det med pris, seier han.

Fellesforbundet er ein sentral aktør i Arbeidarpartiet og er automatisk representert i sentralstyret til partiet. No er det ei rekkje av klubbane i fagforeininga som er så frustrerte at dei går til politisk streik mot si eiga regjering.

– Slik stemninga er her, så trur eg ikkje det er så mange andre alternativ enn å ta dei ut i ein politisk streik. Men dette må vi ha dialog om med klubbane. Folk er veldig forbanna. Det skal dei få uttrykka, seier leiaren i avdeling 5 i Fellesforbundet, Richard Storevik.

Mykje luft i forslaga

Tidlegare denne veka omtalte VG det som skal vere fleire av tiltaka som energikommisjonen legg fram i rapporten. Raskare bygging av vindkraft, både på land og til havs, og meir energieffektivisering er blant tiltaka.

Storevik er ikkje imponert av det som har kome fram så langt.

– Nei, kva skal eg seia? Det er mykje luft her. Det er nokre viktige element som me hadde håpa dei skulle diskutera.

– Kva då?

– Pris. Det står noko om prissmitte. Det ser ut som dei berre er så vidt borti det. Det er det som fell oss. Alle veit at me treng meir kraft. Det treng me ikkje ei norsk offentleg utgreiing for å finna ut. Ut frå det som kjem frå VG, er det lite, men eg må understreka at eg gler meg til å sjå heile rapporten, seier Storevik.

Styret i avdelinga skal avgjera om dei går til streik i midten av februar.

Fleire slengjer seg med

Det var Fri Fagbevegelse som tidlegare denne veka melde at Fellesforbundet på Raufoss planlegg ein politisk streik. Bjørn Sigurd Svingen fortel at streiken vil omfatta kring tjue produksjonsbedrifter, blant anna statseigde Nammo Raufoss.

Det er ingenting som kjem frå Energikommisjonen, som vil endra bildet?

– Nei, det er ikkje tilstrekkeleg. Det må nok meir lut til.

Streiken er ikkje for å råka bedriftene. Skjalg Stavheim er dagleg leiar i Hexagon Ragasco AS på Raufoss og støttar streiken.

«Ja, full støtte fra leiinga», skriv han i ein sms frå USA.

Også i Stavanger er Fellesforbundet positive til å bli med på den politiske streiken. Arild Håvik, leiaren for Fellesforbundet avdeling 25 Stavanger og Omegn, seier:

«Vi ønskjer ikkje å streika. Det er ei regjering vi sjølv har jobba fram.»

Bjørn Sigurd Svingen, Fellesforbundet

«Det blir noko i Stavanger også. Det er eg overtydd om. Me kjem til å dra fram Rosenberg, men me har også ein heil hotellbransje», skriv Håvik i ei tekstmelding.

Leiaren for Fellesforbundet i Hardanger og Sunnhordland, Rune Rafdal, avviser ikkje at det kan bli aktuelt for dei å støtte den politiske streiken mot regjeringa og mot straumprisane.

«Medlemmene og bedriftene i vårt område er like fortvila og forbanna som alle andre over straumprisane og korleis det blitt styrt, så eg ser ikkje vekk ifrå at det blir aktuelt. Men har ikkje behandla da i styret enda», skriv Rafdal i ei tekstmelding til Klassekampen.

Initiativtakar til streiken, Bjørn Sigurd Svingen i Fellesforbundet i Raufoss, trur ikkje tiltaka som energikommisjonen legg fram i dag, vil gjere streikeviljen mindre.

– I liten grad. Det er prisen som er bakgrunnen for at me går til streik. Det kan henda at dei trur utbygging av meir kraft vil løysa dei høge prisane, men det må skje i så store mengder at me ikkje trur det er realistisk. Grunnlaget for streiken er der like sterkt.

Han synest det er leit å gå til ein politisk streik med ei raudgrøn regjering ved rattet.

– Vi ønskjer ikkje å streika. Det er ei regjering vi sjølv har jobba fram. Det er stussleg. Me har over hundre raudgrøne stortingsrepresentantar, og så må me gå til politisk streik. Det er ein tragedie.

Låge forventningar

Atle Tranøy er konserntillitsvald for Fellesforbundet i Aker-konsernet. Han har heller ikkje høge forventningar til det som vert lagt fram i dag.

– Vi håpar dei er konkrete når det kjem til produksjon av ny fornybar energi, men dei har jo ikkje mandat til å sjå på dette med pris, og det er det som er viktig. Det interessante er om dei berre forsvarer regjering, eller om dei vurderer eit alternativ til den marknadsbaserte prisdanninga på straum, seier Tranøy.

I arbeidsgivarforeininga Norsk Industri (NHO) er dei også frustrerte over høge straumprisar.

«Vi er prinsipielt imot politisk streik, men jeg forstår frustrasjonen over manglende handlekraft fra regjeringen», skriv Stein Lier-Hansen i ein sms.