Under ei førelesing i faget global kunsthistorie ved Hamline-universitetet i St. Paul i Minnesota viste universitetslæraren Erika López Prater studentane sine ein illustrasjon av profeten Muhammad, laga av den persiske historikaren Rashīd al-Dīn (1247–1318). Før framsyninga hadde Prater tatt seg tid til å kontekstualisere avbildinga, og ho hadde gitt ein såkalla «trigger warning». Likevel skulle handlinga få umiddelbare konsekvensar. Ein student klaga til leiinga, og sjølv om Prater gjekk ut og klargjorde den faglege bakgrunnen for framvisinga av bildet, valte universitetet offentleg å fordømme det ho hadde gjort. Hennar bruk av illustrasjonen vart stempla som islamofobisk.