The Banshees of Inisherin
(USA/Irland, 2022) Regi og manus: Martin McDonagh Drama, 1 t. 54 min., kino
Den britisk-irske dramatikaren og filmskaparen Martin McDonagh («Three Billboards Outside Ebbing, Missouri», 2017) har vorte ein prisfavoritt i USA med si blanding av grov vald, bekmørk komikk og open kritikk av giftig maskulinitet. Kombinasjonen er absurd i daglegdags forstand av ordet, medan dei tydeleg konstruerte rollene er inspirerte av ein absurdistisk teatertradisjon.