Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Byrådsleiar i Oslo Raymond Johansen seier at motstanden i Raudt mot å sende våpen til Ukraina gjer det politiske samarbeidet i Oslo meir krevjande.

Ut mot Raudt

OPPRØRT: Byrådleiar Raymond Johansen likar dårleg våpenmotstanden hjå samarbeidspartiet Raudt. Her fotografert på sitt kontor i Oslo rådhus med ukrainsk vimpel på bokhylla.

Dei siste seks åra har det raudgrøne byrådet i Oslo styrt byen saman med samarbeidspartiet Raudt. Raudt har ikkje ønska å tre inn i byrådet, men det har vore diskutert kor tett dei skal samarbeide.