Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Fleire fylkeslag i SV er så delte på midten i kven som bør bli ny leiar, at dei ikkje kjem med noko forslag til valnemnda.

Leiarkamp deler SV i to

Kartet viser kva innspel til leiarkandidat fylkeslaga har sendt inn til SV si valnemnd.

I går gjekk fristen for å sende inn innspel til valnemnda ut. Fem fylke har foreslått Kari Elisabeth Kaski, sjølv om ho framleis ikkje vil seie om ho stiller eller ikkje. Tre fylke har foreslått Kirsti Bergstø, som er tydeleg på at ho gjerne vil bli leiar. Fire fylke er så delte på midten at dei ikkje har sendt inn noko forslag.