Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Stein Ørnhøi var med å stifte SV – for å kjempe mot Nato. No er han nøgd med at partiet ikkje lenger vil melde Noreg ut av alliansen.

Avlyser Nato-krigen i SV

NØGD: SV-nestor Stein Ørnhøi er fornøgd med det som kan bli det nye Nato-standpunktet til SV.

Stein Ørnhøi har i ein mannsalder fronta SVs tryggingspolitikk, der motstanden mot Nato har stått sentralt. Denne hausten er SV i ferd med å snu i det som gjennom 60 år har vore ein hjartesak.

Det lever Ørnhøi svært godt med.

– Eg tykkjer at vi har diskutert for lite tryggingspolitikk i SV i 30 år. Vi har berre hatt eitt standpunkt, men vi har ikkje diskutert det skikkeleg. Vi har ikkje brukt krefter på å grunngje det, seier Ørnhøi, som var formann i SV-forløpar SF frå 1973 til 1975.

Mange har venta at Nato-saka skulle skape splid i partiet. Ørnhøi trur dei som ventar på det, vert skuffa. Han legg ikkje skjul på at han var uroleg for korleis SV ville takle Nato-debatten som dukka opp etter at Russland gjekk til åtak på Ukraina i vår.

– Eg var uroleg, men eg tykkjer det fleirtalet no har landa på, er veldig bra, seier han.

Ørnhøi var med på å stifte Sosialistisk Folkeparti i 1961 og var stortingsrepresentant i ei årrekkje. Han har vore på alle landsmøta til partiet, med unntak av eitt møte på 90-talet. Det boikotta han i protest mot bombinga av Jugoslavia.

Har sakna debatt

Også neste år har 87-åringen tenkt seg på landsmøte, og denne gongen kjem han til å heie på den delen av partiet som ønskjer å fjerne formuleringa i prinsipprogrammet som seier at SV skal jobbe for å melde Noreg ut av Nato.

– Eg har meint i veldig mange år at Nato er eit stort tryggingspolitisk problem, og det meiner eg framleis. Vi løyser likevel ikkje det problemet ved å sende eit brev til Jens Stoltenberg og fortelje at Noreg melder seg ut åleine. Det eg har sakna i SV, er debatten om korleis det er mogleg å kome seg ut. Nato er stort sett til skade, men korleis kjem vi oss ut utan å skape ustabilitet i nordområda?

– Er dette eit brot med den tradisjonen som SV har stått i sidan stiftinga?

– Nei, slettes ikkje. Kjernen i SV har ikkje vore utmelding, men eit alternativ til Nato. Det som no ligg frå fleirtalet, er heilt i tråd med det eg var med å stifte i 1961. Kampen mot atomvåpenet har heile tida vore det viktigaste, og eit alternativ til Nato har vore kjernen, seier Ørnhøi.

– Så er det også slik at verda ser annleis ut enn i 1961. Dei som meiner det same som då, dei følgjer ikkje så nøye med. Noreg har ein heilt annan posisjon internasjonalt i dag, og vi kan ikkje forsvare den viktige handelsruta langs kysten vår åleine. Det går ikkje. Om vi hadde brote banda med USA i morgon, ville USA ha etablert seg på Svalbard med ein gong.

– Men likevel vil du ha mindre tette band til USA?

Klassekampen 15. desember

– Ja, men det trur eg kjem. Eg trur ikkje Tyskland og Frankrike er interesserte i å vere med på alt som USA finn på rundt om i verda lenger. Vi får ikkje berre eit tettare nordisk forsvarssamarbeid, men eit tettare nordeuropeisk samarbeid.

Aggressive amerikanarar

SV-nestoren trur også at Nato vil ta ei anna rolle og ein annan strategi når krigen i Ukraina etter kvart går over.

– Eg trur at det politiske miljøet i Tyskland føler at det har vore amerikanarane sin aggressive haldning i Aust-Europa som har vore med på å provosere fram ei konflikt som vi kanskje kunne unngått i Ukraina. Eg sa altså ikkje no at det er nokon andre enn Vladimir Putin som har ansvaret, men du må ha vore veldig lite interessert i ting viss du ikkje har merka at det finst nyansar mellom Donald Trump og Angela Merkel i synet på Nato i aust, seier han.

Som så mange andre meiner Ørnhøi at den russiske invasjonen av Ukraina i februar i år har forandra mykje i den internasjonale debatten om tryggingspolitikk.

– Eg har lært to ting av at Russland invaderte Ukraina. Det eine er at Russland og Putin er ein mindre rasjonell aktør enn eg trudde. Det andre er at Russland er ei mykje svakare militær makt enn det inntrykket som har vorte skapt.

Tykkjer Audun er flink

Ørnhøi er lei seg for at Audun Lysbakken ikkje held fram som partileiar etter landsmøtet. Han tykkjer Lysbakken har vore ein av dei flinkaste leiarane partiet har hatt, og at han er mykje flinkare enn forgjengarane til å skape ein sunn debattkultur i partiet.

– Historisk har vi vore litt redde for usemje i partiet. Audun har ingen angst for slikt i det heile. Det hadde nok eg, og det hadde nok vi tidlegare generasjonar. I Nato-spørsmålet har partiet klart å ta ein diskusjon som i utgangspunktet er veldig vanskeleg og løyse det på ein veldig god måte.