Situasjonen med norske straumprisar er blitt så absurd at det minner om Holbergs Erasmus Montanus som sa at Mor Nille var ei høne. Skilnaden er at medan det siste er ei 299 år gamal spøkefull satire, er notida sine kraftprisar ein realitet. Noreg produserer elektrisk kraft for 11.57 øre per kilowattime og meir enn det vi treng. Undervegs til brukarane må dette likevel få lov å stiga ein god del, men ikkje så absurd som no, til rundt ni kroner. Det er om lag 80 gonger produksjonskostnaden. Dagens Erasmusar har brukt mykje tid og medieplass på å overtyda oss (orsak Mor Nille) om det er logisk og naudsynt.
Les skrifta på veggen!
DebattStrømpriser