Samarbeid: Ei utmelding av Nato no vil tyde at Noreg vil stå åleine, seier Audun Lysbakken. Men at Sverige og Finland er på veg inn i forsvarsalliansen, hindrar ikkje eit djupare, skandinavisk samarbeid.
Fram til no har avtroppande SV-leiar Audun Lysbakken vore taus om kva han meiner om norsk Nato-medlemskap. No tek han bladet frå munnen og avslører kor han står i striden.