For enkelte er begrepet livslønn mer en livsløgn
Hauk
SV-leiaren er framleis sterkt kritisk til Nato, men vil ikkje lenger melde Noreg ut. Årsaka er Sverige og Finland sitt Nato-ja.
Fram til no har avtroppande SV-leiar Audun Lysbakken vore taus om kva han meiner om norsk Nato-medlemskap. No tek han bladet frå munnen og avslører kor han står i striden.
– Eg trur vårt programpunkt om å melde Noreg ut av Nato har lita folkeleg støtte, og at det kan ha hindra folk frå å skjøne at dei er samde med oss. Mitt og fleirtalet i SV sitt sentralstyre sitt svar er at utmelding ikkje lenger er den beste planen for å nå våre tryggingspolitiske mål, fordi utmelding no vil tyde at Noreg vil stå åleine, seier Lysbakken.
I eit møte i sentralstyret i partiet denne veka stilte han seg bak ei fråsegn som tek til orde for at det ikkje lenger er rett av SV å arbeide for å melde Noreg ut av Nato.
Det gjorde også leiarkandidat Kirsti Bergstø og nestleiar Torgeir Knag Fylkesnes. Tre stykk av dei dei elleve medlemmane i sentralstyret har teke ut dissens mot forslaget.
Frå før er det kjent at programkomiteen er delt på midten før partiet skal ta stilling til Nato-spørsmålet på landsmøtet i mars. For Lysbakken har mykje endra seg etter den russiske invasjonen av Ukraina i vinter.
– Kor tid skjøna du at du hadde snudd i spørsmålet om Nato-medlemskapet?
– Det trur eg ikkje eg kan datofeste, men vi har hatt grundige diskusjonar og demokratiske prosessar i sentralstyret og landsstyret ei stund no, og dei har vore klar over mitt standpunkt.
– Den forventinga som finst i delar av media no om at SV skal rive kvarandre i filler over dette spørsmålet, det kjem til å utløyse stor skuffelse, for vi er i veldig stor grad samde om kritikken av USA og Nato, seier Lysbakken.
Lysbakken meiner at høgresida og regjeringspartia ikkje har nokre gode svar på kva dei tenkjer om eit mogleg nytt Trump-presidentskap, og følgjene det kan få. Då Trump var president førre gong, truga han med å melde USA ut av Nato. Det er ein av fleire grunnar til at SV-leiaren meiner det er veldig viktig å lausrive norsk forsvarspolitikk meir frå USA.
For å få det til vil han at SV skal gå inn for å styrkje det norske forsvaret.
– Vi er tydeleg i denne fråsegna at vi vil knyte eit tettare nordisk forsvarssamarbeid, og at det betyr å styrkje det nasjonale forsvaret.
– Kor mykje meir vil de bruke på forsvar? Skal de ruste skikkeleg opp?
– Vi har ikkje sett ein sum på det, men vi seier altså at vi er villige til å bruke monaleg meir pengar. Det er også slik at det vil vere pengar å spare på nordisk samarbeid. Saman kan vi gjere ting mykje meir effektivt.
Historisk har SV sitt standpunkt vore at dei ønskjer eit nordisk forsvarssamarbeid i staden for Nato. No ser Lysbakken at det ikkje er realistisk, sidan Sverige og Finland er på veg inn i Nato.
Likevel er han ikkje mindre oppteken enn før av at dei nordiske landa må samarbeide. Han vil mellom anna at dei skal samarbeide om å gjere Nato mindre knytt til USA og at atomvåpen ikkje lenger skal vere ein del av strategien til forsvarsalliansen.
– Så kan du spørje, er dette mogleg innanfor Nato? Ja, det er det. Nato hindrar ikkje medlemslanda sine å ha sine eigne, djupare samarbeid.