Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kantina

Den verna verksemda Beredt driv kantina i fylkesbygget i Vestland, men vert ikkje med når fylkeskommunen neste år flyttar inn i eit nytt bygg, skriv Bergensavisen. Beredt er heileigd av fylkeskommunen som eit arbeidsmarknadstiltak for personar utanfor arbeidslivet, som anten har hòl i cv-en, språkvanskar eller andre utfordringar med å kome seg inn i det vanlege arbeidslivet. Bedrifta er godkjent læreverksemd i fleire fag.