Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Til minne

Oscar var ein polsk gut som gjekk på Fridalen skole i Bergen. 25. november 1942 hadde han matteundervisning då det banka på døra. Rektor bad Oscar Müller gå ut på gangen. Der venta politiet. Oscar måtte gå. Han fekk med seg sekken og tok farvel med klassen. Deretter blei han eskortert vekk av politiet i Bergen. Same kveld blei han sendt med tog til Oslo, der han blei internert på Bredtveit fengsel. I februar gjekk ferda vidare med skipet Gotenland. 3. mars 1943 var han i Auschwitz. Han hadde ikkje gjort noko gale. Han var jøde.