Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Er det ikke deilig å ha noen å hate?

Hate-watching: frykt og avsky i sofa og samfunn

Med lisens til å sende: «Team Antonsen» i 2008. Atle Antonsen (i midten) flankeres av Bård Tufte Johansen og Harald Eia. FOTO: Ole Kaland, NRK

Er du fast sjåar av TV-program du misliker? Då er du del av ein trend, ifølgje NRK Alltid Nyheter, som denne veka kringkasta ein reportasje om hate-watching midt mellom krigsdekking og krisemålingar for regjeringa. Innslaget kunne kryssa av for alt nyhenderedaksjonen prøver å lokka eit yngre publikum med. Nettversjonen av saka, med pedagogiske lenker til ordforklaringar, fylte nok likevel eit større folkeopplysingsbehov for eldre.